KONSERT:

Sliteneliten + MÍO

Protestviser og folkepunk

Time, date & age restrictions 20:00 20+
Tickets Get tickets 250,—

Sekstetten Sliteneliten tok bygd og by med storm med sitt no utselde sjølvtitulerte debutalbum i 2021. No er bandet tilbake med oppfølgaren, Me kan’kje sei nei te da som e bedre.

Med poppete kraftballadar, folkete visesongar med 70-talsschwung, rockete rockelåtar og med tekstar så tettpakka av meining at vokalisten nesten rappar, byr Sliteneliten opp til dans på vollen og allsong om å krevje sekstimers arbeidsdag, ete dei rike, gje bønder ordentlege vilkår, knuse kapitalen, og om å skape ei betre verd med fridom, hus og dus for alle, ikkje berre for dei få.

Albumet er som eit musikalsk 1. mai-tog, med parolar som «nei til gruvedumping i fjordane» og «ja til sekstimers arbeidsdag». Men sjølv om Me kan’kje sei nei te da som e bedre er eit politisk album, byr Slitenelitens tekstunivers på mykje meir enn proklamatoriske kampsongar. Her finnes òg genuine skildringar av eksistensiell angst, tru og tvil.

Med eit grumsete komp pynta med tverrfløyte og fele blir tanken fort sendt i retning før oo-tallet til band som Amtmandens Døtre, Ym-Stammen og Tramteatret. Det har òg blitt kviskra om The Raincoats blant publikum. Samstundes er ikkje Sliteneliten noko nostalgisk “alt-var-betre-før”-band. Få norske band har den same evna til å ta pulsen på si eiga samtid og skildre korleis det er å skulle greie seg som ung vaksen i ein tidsalder prega av kriser.

Som bandet seier:

Korleis kan ein endre verda? Nokre måtar å få det til på kan vere å putte oppdrettsfisk i alle fjordane i eit land og betale minimalt med skatt, sikre seg ein plass på invitasjonslista til fine middagar/strategimøte med statsrådar og andre med mykje pengar, eller kjøpe eit sosialt medium. Ingen av desse alternativa er (diverre?) innanfor rekkjevidda til nokon av dei seks damene som speler i bandet Sliteneliten. Kva gjer ein då?

Ein kan til dømes rigge opp trommesettet, stemme gitarane, bassen, tverrfløyta og fela, reinske stemmen, og gaule ut på det venaste vossamål om korleis vi heller burde samlast, alle vi som ikkje er aksjemilliardærar eller er fødde inn i maktposisjonar, og saman endre alt til noko betre.

Sliteneliten består av odelsjentene Synneva Gjelland (gitar, vokal, piano) og Thea Marie Kvam (trommer), gartnar Silje Strøm (tverrfløyte), lyddesignar Ylva Gülpinar (gitar) og studentane Inga Haugdahl Solberg (fele) og Maria Refsland (bass).

:::

MÍO har markert seg i undergrunnen for å levere energiske og forlokkende konserter. Med en rå frontvokalist som griper tak i lytteren og nekter å gi slipp, er MÍO et friskt pust i folk-rockens univers. Et av Norges mest spennende og unike up-and-coming band.

Musikken fenger og treffer hardt, uten å miste balansen med sine dynamiske og sårbare sider. En rik inspirasjon fra norsk folkemusikk, 70-tallsprog, norsk rock og punk, gir MÍO et stort rom for lek og eksperimentering. Fuzzet felespill og krulling slås sammen med et stort arsenal av folkeinstrumenter, jazzinspirert rytmeseksjon, melodisk bass og ekspressiv gitar.

MÍO har base i Oslo og består av seks musikere fra hele landet. Bandet ble startet av vokalist Dionisia Fjelldalen og bassist Marianne Friisberg Larssen i 2019. Deres første utgivelse, EPen “MÍO” kom i 2020. Debutalbumet “Ingen tid å miste” kommer i 2023.

Gruppa har siden oppstart spilt over 20 konserter, deriblant Øyafestivalen 2022, Samfundet i Trondheim (Knaus 23:59), Vaktbua i Kristiansand, Blitz’ 40 års jubileum og Musikkfest Oslo. For tiden forbereder de seg til albumturné i 2023 og de er i år plukket ut til MØST’ Katapult-satsning for unge, lovende musikere.

Program

March

April

May

December